Av ulike årsaker måtte Miriam handterte følelsane sine aleine som barn. Maten vart middelet for å regulere følelsane sine. Ho har opplevd mobbing, og i vaksenlivet hatt tøffe periodar. No er livet forandra og vi møter ei motivert og reflektert dame med mykje kunnskap. Ho håpar at hennar erfaringa kan vere til nytte for andre.
«Eg har slite med overvekt sidan eg var lita, og mat har vore ein måte å lindre følelsar og smerte på. Etter fleire forsøk på å endre livsstil, søkte eg hjelp for å finne andre strategiar.»
Ikkje ulikt andre, brukte Miriam kveldane til å sjå på TV. I sofaen koste ho seg med gjærbakst og søtsaker. Maten gjorde at ho følte seg bra ei stund, men etter ei stund vart godfølelsen erstatt av skam.
«Maten får en annan funksjon enn det den skal ha. Sukker blir ein avhengigheit på same måte som dei som slit med rus, skadar seg sjølv eller har utfordringar som anoreksi. For meg fekk maten dessverre ein kortvarig og lindrande funksjon»
«Dei siste seks åra har helsa mi blitt dårlegare, og maten har ikkje lenger gitt meg det eg trengde. Eg har vore sjukmeldt i fleire periodar, men etter å ha fått hjelp, har eg klart å kome tilbake delvis i jobb.»
Gjennom åra har ho prøvd ulike metodar for vektnedgang, ulike treningsopplegg og diettar. Ho har gått opp og ned i vekt. No har ho knekt koden, prosjekt livsstil har blitt varig.
«Tidligere fokuserte eg kun på trening og ete sunt og at løysinga var å gå ned i vekt. No skjønnar eg at det må endringar på eit dypare nivå for at ei livsstilsendring skal finne sted. Alle vanar og rutine spelar inn i kva val du teke i kvardagen.»
«Eg har faste måltid, trenar regelmessig, og planlegg veka mi nøye. I tillegg planlegg eg møter, vekemeny og set av tid til meg sjølv. Det har vore avgjerande for å unngå stress og uheldige val. Eg har også byrja med isbading, som har vore fantastisk for meg. Det gir meg ei kjensle av meistring og ro, og det er noko eg ser fram til kvar veke.»
Om du legg deg seint og får dårleg tid om morgonen, rekk du ikkje å lage frukost. Du køyrer svolten til jobb og endar opp med å kjøpe ei pakke bollar på Shell som du et på veg til jobb. Historia kan fortsetje, men poenget er, som Miriam så fint seier…
«Det er viktig å vere medviten om alle elementa som påverkar vala dine i kvardagen. Rutinane og planen er der for å støtte deg på vegen.»
I tillegg har Miriam blitt flinkare på og balansere mellom kva som gir og tar energi, på den måten kan ho unngå å gå heilt tom. Her er eit ark som du sjølv bruke til å bli bevisst på kva aktivitetar som tar og gir energi. Laste ned "grøne og raude aktivitetar".
«Etter å ha endra livsstil, har eg merka stor betring i både mi fysiske og psykiske helse. Eg har mindre smerte, uro og angst, og eg har fått betre konsentrasjon og initiativ. Eg er også i stand til å vere i delvis i jobb. Rutinar har gjort meg meir robust og i stand til å handtere kvardagen betre.»
Miriam er eit godt døme på den positive effekten auka fysisk form og vektnedgang har på fysisk og psykisk helse. Les meir om «Den positive effekten av fysisk aktivitet»
Effekten av betre helse kjem gradvis. Miriam har opplevd at når “ballen begynner å rulle” kan det bli glede i det som før var slitsamt. No legg ho gåturen til nye stadar og tilbring meir tid i naturen. Lydar og lukter ute, som ho tidlegare ikkje var merksam på, gir ho no glede og ro.
«Eg har også funne glede i å lage variert og spennande mat, noko som har gjort det lettare å halde på dei nye rutinane.»
Livsstilsendring er for meg ein kontinuerleg prosess som krev planlegging, støtte og tilpassing. Mirian fortel at det handlar ikkje berre om å ete sunt og trene, men om å finne balansen som gir varig endring og betre livskvalitet.
«Familien min har vore ein viktig støttespelar, spesielt mannen min som har vist forståing og tilpassa seg mine behov.»
«Eg føler at eg har knekt ein kode, og det gir meg håp for framtida. Eg har lært å lytte til kroppen min og finne strategiar som fungerer for meg. Det viktigaste er å ha det bra i dag og gjere ting som gir meg energi og glede. Eg er ikkje ferdig og heldigvis får eg oppfølging i to år til Muritunet»
«Eg har fått verktøy og kunnskap som har hjelpt meg å forstå samanhengen mellom kropp og hovud. Kor viktig det mentale er og kva skal til for å ha det bra. Det har gitt meg ein struktur som gjer at eg kan handtere kvardagen betre og unngå å falle tilbake til gamle vanar.»
«Eg vil seie at det er håp. Det er viktig å lytte til kroppen sin og finne strategiar som fungerar for ein sjølv. Det handlar ikkje berre om å ete sunt og trene, men om å finne ein livsstil som gir glede og energi. Og hugs, det er ein prosess som tek tid, men det er verdt det.»
Kjenner du deg igjen i det som Miriam skriv og ønskjer endring? Det finnst hjelp, finn ut meir om våre livsstilsendringstilbod her.