Sverre trudde han var sunn og aktiv nok. Likevel var han ein av 13.000 som årleg får hjerteinfarkt i Norge.

Sverre (69) er ein mann med eit spennande og langt liv bak seg. For å bli kjent med Sverre spør vi kva han trur er årsaka til at han fekk eit hjarteinfarkt. 

«Nei, kva årsaka er har eg ikkje funne ut, men eg fekk hjarteinfarkt fordi det er plakk i blodårene som har oppstått over tid. Til tross av at eg trudde eg var trygg fordi eg var ganske aktiv.»

Som skiftarbeidar innan olje og gass har han ete fire varme måltid per dag, hatt ei usunn arbeidstid med lange daga og nattskift. I sine yngre dagar røyka han. Desse refleksjonane får han til å tenke på at arbeidssituasjon og livsstil kan vere ei medverkande årsak til hjarteinfarkt.

Sverre er på hjarterehabilitering på Muritunet når vi snakkar med han. 

Glad for å sleppe pendling til og frå rehabilitering 

«Det handlar ikkje berre om å bygge seg opp fysisk, men også det psykiske. Då treng ein tid til å filosofere over livet, å reflektere og legge om livsstilen. Då er det veldig nyttig å kunne vere på eit lengre opphald kontra det å sjølv prøve på eiga hand heime fordi då har du alt rundt deg som vanleg, effekten blir ikkje det same»

Kvifor valgte du rehabilitering på Muritunet?

«Eg fekk tilbodet om dagrehabilitering på Ålesund og Volda Sjukehus noko som betydde pendling to daga i veka i tre månadar. Til saman blir det 2000 km gjennom ein undersjøisk samband og som gjerne er stengt i gjennomsnitt to til tre dagar i veka. Dette stressmomentet slepp eg ved å vere på Muritunet, og her har eg mange pausar der eg kan drive med eigentrening»

Eigentrening er noko Sverre seier han har vore flink til på rehabilitering. Han likar pausetida mellom undervisning og aktivitetane, der kan han sjølv velje å slappe av eller ta seg ei treningsøkt på eigenhand.

Sverre hadde angst for å presse seg

«Eg har ei runde på 1 mil som eg brukar å sykle. Der er ein bakke som eg aldri har klart å sykle opp utan å stoppe».

Sverre fortel at han har flittig nytta syklane medan han har vore på hjarterehabilitering på Muritunet. Han har vore på tur til både Døving, Gudbrandsjuvet og Omenås og har lært å presse seg på ein passande måte.

«Eg hadde angst for å presse meg, angsten sat i meg til eg kom hit til Muritunet. Inntil eg fekk lære meg kva eg tolte.»

Treningsapparat er ikkje alltid like enkle å forstå seg på. Sverre fortel vidare om at den kunnskapen og ikkje minst tryggheita han har fått gjennom opplæring og oppfølging i bruk av treningsapparat har gitt han mykje. Sverre er glad for det opphaldet har gitt han og med eigne ord beskriv han det slik:

«No har eg lært å bruke apparata rett og har fått best nytte av kombinasjonen mellom pause og økter. Eg skal fortsette med styrketrening når eg kjem heim.»

Har senka skuldrene og tempo

«Eg har ein tendens til at dersom eg har starta opp med eit prosjekt skal eg bli ferdig fort. Akkurat no har eg nokre konkrete byggeprosjekt på gang. Eg har innsett at resultata kan bli gode sjølv om eg ikkje blir ferdig på rekordtid. Det går an å bruke tid og heller ha glede undervegs.»

Korleis kan du legge det opp annleis for å få mindre stress?

Sverre seier at arbeidsoppgåver kan gjerast meir lystbetont, for han treng ikkje bli ferdig denne månaden eller neste. Her tenker Sverre på eit pågåande prosjekt, eit utekjøkken som krev flytting av ein mengde store steinar. Her hjelper sønene til og dei teke prosjektet som ein sosial tur med god mat, litt jobbing og utan stress.


Vil du anbefale rehabilitering for andre?

«Ja, eg kjem til å snakke varmt om Muritunet og opphaldet her. Eg kjenner personar som absolutt kunne vore her. For meg var det eit viktig moment å kome seg vekk heimanfrå.»

Sverre seie at mange kunne ha hatt godt av eit rehabiliteringopphald, men at det handlar om kor god du er til å opne deg opp for legen og fortelje korleis du eigentleg har det. Fastlegen til Sverre spurte om han hadde behov for eit rehabiliteringsopphald.

«Eg svarte at eg har prøvd på eiga hand utan å få tryggleiken tilbake. Då satt legen seg ned for å skrive og han formulerte seg veldig godt. Legen kunne ikkje love noko fordi han må søke Helse Midt-Norge.»

Setter familie, heimen og helsa først

Sverre har vore lange periodar på arbeid i utlandet der har han opplevd litt at kvart. Han har også opplevd andre som har fått hjarteinfarkt på nært hold. Det har vore med på å forme Sverre og er ein medverkande årsak til han i dag setter familie, heimen og helsa først.

Takk til Sverre for at han deler sine erfaringar med oss om livet og prosessen frå hjarteinfarkt til å klare å sykle, gå på ski, stresse ned og ta livet litt meir med ro.