Kols-sjukdommen begrensar livet, men mari-ann står på og trenar fleire gongar i veka og tilpassar seg situasjonen.

Vi møter den 71 år gamle Mari-Ann. Ho er på lunge-rehabilitering på Muritunet. Eit smil og ei knallrosa t-skjorte møter oss i det ho opnar døra til pasientrommet. Sola skin inn vindauget denne vårdagen i Valldal. Den lave lyse stemma avslører at ho har KOLS. Vi er så heldig å har fått lov å ta ein prat med ho. 

Sjukdommen gjer at ho må tilpasse kvardagen

Korleis påverkar KOLS-sjukdommen kvardagen din?

«Det begrensar aktiviteten min, men eg klarer godt å støvsuge glatte golv, rydde og vaske på badet. Heldigvis har eg ein snill og hjelpsam mann som hjelper meg med tunge oppgåver, som å støvsuge teppa.» 

Ho fortel vidare at ho må tilpasse aktivitetsnivået sitt. Når ho er ute og handlar må ho bære ein handlepose i gongen. Dermed blir det fleire turar opp og ned dei fem trappetrinna ho må gå for å komme inn i huset i Kristiansund.

Kva oppfølging har du fått før du kom hit?

« Eg har vore på kontroll hos lungelege på sjukehuset ein gong i månaden og prøvd forskjellige medisinar,  men kroppen min reagerte ikkje på kortison. No brukar eg ein inhalatorspray, seks gongar om dagen.» 

Legen er omsorgsfull og etter å ha prøvd forskjellige ting , spurte han kva oppfølging ho kunne tenke seg. Mari-Ann hadde ønske om eit rehabiliteringsopphald. 
«Eg har høyrd fleire snakke om Røros på treningssenteret. Dessverre er  vinteren på Røros kald og lang, noko som passar lungene mine dårleg.» 

Korleis har opphaldet ditt på Muritunet vore?

« Det har vore aldeles fantastisk. Det er så fint opplegg, folka som arbeider her er så imøtekommande og hyggelege. Maten er jo heilt fabelaktig.» 

Tåler meir enn ho trur

Kva er det viktigaste du har fått med deg frå opphaldet?

« Eg toler meir enn eg trur, og har lært at eg ikkje skal vere redd for å bruke kroppen min. Eg skal trene meir styrke, og gå meir tur når eg kjem heim. 
I tillegg har ho fått kunnskap og nyttig informasjon om korleis ho skal bruke medisin og inhalator for best mogleg effekt. 

Ingen god grunn til at ho skulle få KOLS 


Kva er grunnen til at du fekk KOLS? 


Spontant uttrykkjer ho:  «Det kan eg ikkje forstå» 

Som gartnar har Mari-Ann vore van til å arbeide 12-14 timar om dagen. Ho har vore glad i å vere ute og i aktivitet. Ho røykar ikkje, men innrømmer at ho som ung kunne ta seg ein røyk i godt lag. Likevel er vanskeleg å forstå kvifor ei sprek dame som ho skulle vere ein av dei 6-7% i Norge som får KOLS. 

Saknar å kunne gå på ski 

«Det største saknet er å ikkje kunne vere på ski saman med familie og barnebarn  ute på vinteren.» 

KOLS sjukdomen gjer at ho berre har 30% lungekapasitet. Sjølv om Mari-Ann er ei  sprek dame som står på, så bergensar sjukdommen ho i kvardagen. Særleg på vinteren, når det er kaldt, blir ho ekstra tungpusta. Blank i auga fortel ho at ho før brukte å synge i kor., Reaksjonen hennar fortel oss at synging var noko som gav ho stor glede som  no dessverre er vanskeleg.

Sjå intervjuet her

Har rehabilitering påverking på livskvaliteten? 

«Før var eg redd for å press meg. Eg blei svimmel fordi eg var tungpusten, og lurte på om det kunne vere farleg for hjertet. Hjerte er bra seiar dei, det har gitt meg tryggheit.» 

Når ho kjem heim, har Mari-Ann bestemt seg for bli med på gruppetrening på treningssenteret, noko ho var litt redd for før. I tillegg har rehabiliterings bidratt til å hjelpe ho til å takle betre sjukdommen i kvardagen. 

Ikkje lenger så einsam i livet


Korleis har det vore å vere på eit rehabiliteringsopphald? 

«Det å møte andre i same situasjon har hjelpt meg til ikkje å føle meg så einsam i livet.  I gruppa har vi utveksla erfaringar med medisin, behandling og livet. Eg klare ikkje å stille opp for andre slik eg gjorde før, men det er mange som har det verre enn meg.» 


Korleis har det vore å hatt ein vekeplan med aktivitetar?

«Det er så kjekt, det er så flott å få den vekeplanen kvar fredag. Då kan ein planlegge  dagen ut i frå vekeplanen. Det er så fint å gå tur her, strandpromenaden eller betringens veg, eller eg kan gå på treningssenteret når eg vil.»

Er det noko som kunne vore annleis? 

«Eg syns det er så perfekt her , er så fornøgd. Har faktisk ingenting negativt å komme på å seie.»


Har du eit tips til andre som lurer på om rehabilitering er noko for dei?

«Hiv deg med så snart du får det til» 

Tusen takk til  Mari-Ann som delte si historie med oss. Hennar positive og smilande vesen er smittande og ho er ei sann glede å snakke med. Vi håper at Mari-Ann si historie kan vere med på å motivere deg som har KOLS eller som har ein anna lungesjukdom til starte opp med eller å fortsette å trene. 

Informasjon om rehabilitering

Om du har behov for hjelp til å betring av helsa di så kan du finne meir informasjon om lungerehabilitering her.