Mannen vi skal møte heiter Rune og har nettopp vore på eit opphald på Muritunet. Der ga han utrykk for at gjerne ønska fortelje si historie dersom det kan hjelpe andre. “Det er viktig å få fram at det er mogleg å forandre livsstil og få eit betre liv,” seier han.
Denne gongen møter vi ein pasient som har vore hos oss av ein heilt spesiell grunn. Rune må ned i vekt for å kunne gjennomføre ein nødvendig operasjon
43 år gammal fekk han påvist nyresvikt, og har levd med diagnosen i mange år. Årsaka til nyresvikten er truleg genetisk. I Trondheim fann dei ut at han har ein genfeil som påverkar både høyrsla og nyrene. I tillegg har han diabetes. Nyresjukdomen har gradvis blitt verre, og han er no avhengig av å få reinsa blodet. To gonger i veka møter han på Ålesund sjukehus for å gjennomføre dialyse.
«På det tyngste var eg 137 kg, då fekk eg litt sjokk», seiar han. For å kunne gjennomføre operasjonen må han ned i vekt. Legen på sjukehuset søkte han inn på Muritunet for å få hjelp til livsstilsendring. På eit år har han gått ned 30 kg, frå 122 kg til 92 kg, med god hjelp frå blant anna Muritunet.
“Muritunet gir oss verktøya, men vi må gjere jobben sjølve. Det handlar om å ete riktig og halde seg aktiv. Eg et tre gonger om dagen og passar på å ikkje overspise. Det har fungert veldig bra for meg,” seier han
For å gå ned i vekt har han svømt, gått turar og jobba hardt. Han fortel; “På Muritunet gjekk eg totalt seks rundar på betringens veg før og etter frukost” Han har også gjort endringar i kosthaldet, som å kutte ut saus og unngå karbohydrat og godteri.
Sjølv om han har nådd kravet for vekt, har han som mål å gå endå meir ned. Rune har investert i ein elektrisk trehjulssykkel som hjelper han med å halde seg aktiv, samtidig som han har det gøy!
Legane har vore imponerte over innsatsen hans. “Legane har sagt at eg har gjort ein kjempejobb. Sidan januar har eg gått ned nok kilo til å få innvilga operasjon, og Muritunet har vore ein stor del av suksessen,” fortel han.
Nyresvikten har prega livet hans på mange måtar, og Rune håper no på ein operasjon som kan gi han ei ny nyre. Det er ingen tvil om at denne mannen har viljestyrke og har vore gjennom mange tøffe periodar i livet.
“Eg har måtta slutte med diabetesmedisinen, og det vil ta cirka to månader før eg kan fortsette med utgreiinga til operasjon. Når alt er på plass, skal eg til St. Olavs i Trondheim for å undersøke hjartet og karsystemet. Alt må vere i orden før eg kan få ei ny nyre,” forklarer han.
Det er mange diagnosar og sjukdomar som Rune er utsett for, men likevel er det noko med innstillinga hans som fascinerer. Han seier sjølv at han er sta, og det er noko med å bruke staheita på den rette måten. Han har viljestyrke og bruker denne krafta til å nå måla som trengst. I tillegg er han fast bestemt på at livsstilen, syklinga og vektreduksjonen ikkje skal stoppe her. Han kunne også gitt opp, men nei, Rune gir ikkje opp. Det er ein livsstil, og han har forstått at det er noko som varer livet ut.
Rune meiner at viljestyrke er nøkkelen til å overvinne freistingar. Samtidig stiller han ofte kritiske spørsmål til seg sjølv: “Når eg står i butikken og ser freistingar, må eg spørje meg sjølv om eg verkeleg treng det,” seier Rune.
I 2023 blei han svært dårleg, og det har vore mykje ubehag knytt til sjukdomen. Rune fortel om innleggelse på sjukehuset med blodforgifting og diaré. Nyresvikten kan vere svært ubehageleg før blodet blir reinsa. Han har berre ei nyre og har hatt nyresvikt lenge.
“Dersom eg held fram med dialyse, kan eg bli dårlegare over tid. Men det er mange som har gått på dialyse i over 10-12 år utan å bli dårlegare,” fortel han.
“I dag har eg det bra, men i går hadde eg det ikkje bra. Eg fraus og følte meg kaldt sjølv om det var 50 grader i stova,” seier han.
“Eg kan ikkje reise så mykje. Vi reiser til Trondheim av og til, men det krev mykje planlegging. Eg ser fram til å reise til Kreta igjen etter ein eventuell operasjon,” seier han.
Rune har eit ønskje om å kunne hjelpe og inspirere andre som er i ein tøff situasjon. Han har klare råd til andre som ønskjer å endre livsstil. “Det handlar om viljestyrke og å stille kritiske spørsmål til seg sjølv.
Det er freistingar overalt, men du må spørje deg sjølv om du verkeleg treng det. Det er viktig å finne ein balanse og halde seg motivert,” seier han.
Rune har ein enorm styrke i sin vilje og er ein motivasjon for andre, han ønskjer gjerne at vi følgjer han videre i kampen mot ny nyre. Takk til Rune for at du deler di historie som kan vere ein motivasjon til andre som har langvarig sjukdom.