Arbeidsretta rehabilitering

 

MUSKEL -OG SKJELETTLIDINGAR

Tilbodet er og retta mot alle diagnosar lista opp under ICPC-2 gruppa Muskel- og skjelettlidingar, med allmenne og uspesifiserte symptom og plager jfr. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga. Aldersgruppe: 18-67 år.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar

PSYKISKE LIDINGAR Tilbodet er retta mot følgande diagnosar: P01 Følelse angst/nervøs/anspent, P02 Psykisk ubalanse situasjonsbetinget, P03 Depresjonsfølelse, P74 Angstlidelse, P76 Depressiv lidelse og P78 Nevrasteni. Aldersgruppe: 18-67 år.  Tilbodet er og retta mot pasientar med allmenne og uspesifiserte symptom og plagar jf. bokstav A i ICPC-2 og andre plagsame somatiske symptom der psykologiske og sosiale mekanismar synes å være sentrale i å oppretthalde lidinga.

Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar.

Last ned infoside her.

Eigenandel

Eigenandel for poliklinisk konsultasjon er som for Eigenandelstak 1, kr 351,-. Totalt kr 2460,- for 2020. 

Søknad

Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søkje. 

Henvisning vert å sende direkte til Muritunet, og inntaksteamet tek ei rettigheitsvurdering av denne. Viktig at informasjon om arbeids- eller studiestatus er med.

Ved spørsmål ta ev. kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00, eller teamlear dagavdelinga, Ester Vinje tlf. 43 03 55 02

Celsius