Personvernerklæring for pasient og pårørande.

 

Muritunet er opptatt av å ivareta ditt personvern. Dine personopplysningar skal vere trygge hos oss uavhengig av kva plattform du deler dei på. Denne personvernerklæringa informerer om kva personopplysningar vi samlar inn, for kva formål vi samlar inn, korleis dei blir brukt hos oss og kva rettar du har knytt til dine opplysningar. All behandling av personopplysningar skal vere lovleg, rettferdig og gjennomsiktig.
Med personopplysning meiner ein ei kvar opplysning om ein identifisert eller identifiserbar fysisk person. Personopplysningar kan vere namn, telefonnummer, adresse, e-post, fødselsnummer etc. Helseopplysningar er kategoriserte som sensitive opplysningar der det blir stilt spesielle krav til handtering.

Dei helselovene som er relevante og som omhandlar behandling av personopplysningar er Lov om spesialisthelsetjenesten m.m., Lov om helsepersonell m.v., Lov om behandling av helseopplysninger ved ytelse av helsehjelp, (inkl. pasientjournalforskriften) Lov om pasient – og brukerrettigheter etc. Desse lovene og forskriftene kan lesast på www.lovdata.no.    

Personvernet i forhold til våre pasientar og deira pårørande er viktig for oss, og vi jobbar aktivt med å ivareta deira personvern. Muritunet sine tilsette som kjem i kontakt med personopplysningar har teieplikt. Det same gjeld andre som behandlar personopplysningar på våre vegne.   

Behandlingsansvarleg 

Den som bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningane blir kalla behandlingsansvarleg. Behandlingsansvarleg sørger for at personopplysningar blir behandla i tråd med gjeldande regelverk.   

Behandlingsansvarleg: 

Muritunet AS v/adm.dir.                                         

Tel: 70 25 84 07                                         
E-post: post@muritunet.no                                        
Grandegata 58, 6210 Valldal   

Slik blir personopplysningane behandla 

Vi samlar inn personopplysningar berre når dei er nødvendige for at vi skal kunne tilby våre tenester til deg. Formålet med å behandle dine personopplysningar er å gje forsvarleg helsehjelp samt ivareta pårørande sine rettar og behov. Ut over dette behandlar vi i enkelte tilfelle personopplysningar for marknadsføringsformål og sikkerheitsformål. Dette blir sjølvsagt gjort i henhold til gjeldande reglar/ lover.  

Vi slettar personopplysningar når dei ikkje lenger er nødvendige for å oppfylle det formålet dei blei samla inn for.  Når det gjeld personopplysningar lagra i pasientjournalar gjeld andre reglar. Sjå meir under punktet for sletting av personopplysningar.   

Personopplysningar knytt til pasientjournal 

Personopplysningane vi samlar inn er opplysningar som er nødvendige for å gje deg forsvarleg helsehjelp eller etter samtykke for bruk i forsking og/eller kvalitetssikring. Dei opplysningane vi behandlar har vi fått av deg, andre sjukehus og legar der du har mottatt behandling, frå prøver vi tar etc.   

Når du mottek helsehjelp eller medisinsk behandling ved Muritunet, plikter vi å føre inn alle opplysningane som er nødvendige for å yte helsehjelp inn i vårt system for pasientjournalar. Det er stilt lovkrav til føring av pasientjournal og kva opplysningar som skal dokumenterast. Journalen kan eksempelvis innehalde kontaktinformasjon, næraste pårørande, sjukdomshistorikk, tidlegare behandlingar, kva medisinar du bruker, diagnosar, bilde frå røntgen, pasientrapporterte utfallsmål etc. 

Personopplysning knytt til sjølvrapporterte spørjeskjema og testar 

Vi bruker elektroniske skjema til pasientrapporterte utfallsmål og pasientrapportert tilfredsheit med helsetenesta gjennom CheckWare. Data er lagra i CheckWare-portalen der vi har signert databehandlaravtale. Data blir overført og lagra i pasientjournal. I tillegg blir avidentifiserte/anonymiserte opplysningar lagra i eit elektronisk FoU kvalitetsregister ved institusjonen. 

Opptak frå videoovervakning 

Det blir lagra video av fasadane ved Storfjord Helsesenter der Muritunet leiger ein del lokaler. Dette som proaktivt tiltak for å sikre mot innbrot/hærverk. Desse blir normalt ikkje spela av utan i samråd med Politi ved konkrete hendingar. 

Informasjonskapslar (Cookies) 

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert lasta ned og lagra på datamaskina di når du opnar ei nettside. Dei aller fleste nettsider brukar slike informasjonskapslar. Enkelte brukar informasjonskapslar til å forbetre brukaropplevinga di og til å samle inn statistikk. Bruken av informasjonskapslar utgjer ingen sikkerheitsrisiko for deg. Du kan avstå frå å samtykke til lagring av informasjonskapslar, men det kan føre til at tenestene på nettsidene ikkje fungerer optimalt. Muritunet har ikkje tatt i bruk tenester der ein hentar informasjon på denne måten. Følgande blir heller ingen av opplysningane frå informasjonskapslane brukt til å identifisere enkeltpersoner. 

Deling av personopplysningar 

Andre helseføretak eller anna helsepersonell 

Vi kan bli kontakta av andre helseføretak, den legen som henviste deg til oss eller anna helsepersonell som og gir deg medisinsk behandling og som ber om å få utlevert dine pasientopplysningar.   

Helsepersonell har anledning til å utlevere opplysningar underlagt teieplikt til samarbeidande helsepersonell som er underlagt same teieplikt som våre tilsette. Dette blir berre gjort i den grad det blir sett på som nødvendig for å gi deg forsvarleg helsehjelp, og reglane følgjer av Lov om helsepersonell § 25. Som pasient har du rett til å motsette deg slik utlevering. Opplysningane som eventuelt blir delte er avgrensa til det som er nødvendig. Vi deler berre slik informasjon til henvisande lege eller samarbeidande personell om det blir etterspurt.   

 Offentlege myndigheiter 

Dersom det er pålagt ved lov eller det er mistanke om at det er begått lovbrot i samanheng med bruk av våre tenester, vil informasjonen vi har lagra om deg kunne bli utlevert til offentlege myndigheiter.   

Databehandlar 

Ein databehandlar er eit sjølvstendig selskap eller juridisk eining som behandlar personopplysningar på vegne av behandlingsansvarlig – for eksempel Muritunet sine systemleverandørar.   

Muritunet sørger for at alle databehandlarar er underlagt same teieplikt som eigne tilsette, og at avtalar om bruk av databehandlar oppfyller personopplysningsloven sine krav til bruk av databehandlarar.   

Dine rettar   

Innsyn 

Du har rett til å vite kva som er lagra av opplysningar om deg i våre system. For å få ei oversikt over disse så kan du sende ein førespurnad til Muritunet AS, Grandegata 58, 6210 Valldal.   

Retting 

Opplysningane vi har lagra om deg må vere oppdaterte og korrekte. Dersom du meiner desse er feil, må du ta kontakt med oss slik at vi kan få retta desse. Moglegheit til å få opplysningar retta er avgrensa av reglar i Lov om helsepersonell når det gjeld innhald i pasientjournalen din.   

Sletting 

Kontakt oss om du ønsker at opplysningar skal slettast. Moglegheit til å få opplysningar sletta er avgrensa av reglar i Lov om helsepersonell når det gjeld innhald i pasientjournalen din.   

Lagringstid 

Muritunet lagrer ikkje personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for å oppfylle formålet med behandlinga og dei lovpålagte pliktene vi har. Angåande personopplysningar lagra i pasientjournal så gjeld andre reglar.   

Journalar skal bli oppbevart til det av omsyn til helsehjelpas karakter ikkje lenger antas å bli bruk for dei.  Muritunet er etter helsearkivforskrifta forplikta til å overlevere journalmateriale til norsk helsearkiv etter dette.   

Rett til dataportabilitet 

Du har rett til å ta med deg personopplysningane dine frå Muritunet til ein anna tilsvarande tenesteleverandør. Denne retten gjelder berre om behandlinga av dine personopplysningar skjer på bakgrunn av eit samtykke frå deg eller for å oppfylle ein avtale mellom deg og Muritunet. Dette gjeld ikkje opplysningar knytt til pasientjournal.  

Rett til å klage til Datatilsynet 

Dersom du er ikkje er samd i korleis vi behandlar personopplysningar, kan du klage til Datatilsynet. Du kan lese meir på Datatilsynet sine nettsider: https://www.datatilsynet.no/om...   

Bruk av telefonnummer / epost 

Muritunet sender ikkje sensitive opplysningar via SMS eller epost, og vil heller ikkje svare på e-postar av sensitiv art. Kommunikasjon via SMS og epost er ikkje tilstrekkelig sikra for overføring av sensitive opplysningar.   

Sosiale media 

Vi vil gjerne være tilgjengelig for våre pasientar og andre interessentar i sosiale media og har profil på Facebook og MMS. Formålet med desse er å formidle informasjon om våre tenester, vår kontaktinformasjon og opningstider. Dersom du tar kontakt med oss ved hjelp av disse kanalane, bør du ikkje dele personopplysningar. Dersom du har spørsmål som inneheld sensitive personopplysningar (eks. opplysningar om di helse), ta heller kontakt med oss per telefon eller post slik at vi kan hjelpe deg. 

Sikring av dine opplysningar 

MT arbeider systematisk med å oppretthalde eit svært høgt sikkerheitsnivå. IT-ansvarleg i MT har det operasjonelle ansvaret i samarbeid med Ålesund Data for å etablere sikring av elektroniske data, inkludert årlege sikkerheitsrapportar. Vårt Personvernombod er etablert for å sjå til at det vert drifta tilfredsstillande internkontroll og informasjonssikkerheitstiltak for å sikre dine personopplysningar.  MT har etablert eit kvalitetssystem som er sertifisert etter NS-ISO 9001:2015, inkludert risikostyring og internkontroll. Dette omfattar også behandling av person-opplysningar. MT stiller krav til leverandørar som er databehandlarar på vegne av MT at dei skal ha same sikkerheitsnivå som MT. 

Personvernombud og journalansvarleg 

Personvernombud for Muritunet: Sveinung Vemøy, telefonnummer: 70 25 83 69 Journalansvarleg: Ole Johan Høyberg, telefonnummer: 70 25 84 01  

Ta kontakt med vår journalansvarlege om du har spørsmål om behandling av dine personopplysningar, eller du vil be om retting, sletting eller innsyn eller du har andre spørsmål. Vi vil svare deg så fort som mulig.


Adm. dir./ Behandlingsansvarleg

Celsius