Poliklinikk for Arbeidsretta rehabilitering
Polikllinisk-samtale.jpg

Poliklinikk for Arbeidsretta rehabilitering

 

Ved dagavdelinga på Moa i Ålesund har vi også tilbod om poliklinikk for arbeidsretta rehabilitering. Denne er tverrfaglig teamorganisert på spesialistnivå, etter avtale med Helse Midt-Norge. Formålet med tilbodet er å bidra til meistring av helsetilstanden og styrke pasienten si arbeidsevne. Fokus på samansette problemstillingar som er knytt til manglande arbeidsdeltaking, samt handtering av utfordringar/problem knytt til krav i arbeidslivet, sosiale relasjonar på jobb, manglande tru på eigne evner, manglande meistring og behov for samhandling mellom helsesektor, NAV og arbeidsgivar

 Særlig fokus på funksjonsforbetring og meistring av helsemessige tilstander som er til hinder for arbeidslivsdeltaking. Dette inkluderer også deltaking i skule og utdanning.

  • Yrkesaktiv alder: 18-67 år
  • Arbeidslivskompetanse og kompetanse retta mot samhandling med relevante aktørar som arbeidsgivar, NAV og fastlege.
  • Samarbeid og samhandling med kommunane.

Kommunelegar/fastlegar og legar ved sjukehusavdelingar kan søke.  Henvisning vert å sende direkte til Muritunet, og inntaksteamet gjer ei rettigheitsvurdering. Viktig at informasjon om arbeids- eller studiestatus er med i søknaden. Ved spørsmål, ta kontakt med inntakskontoret tlf. 70 25 84 00.  

Celsius