Elisabeth Slotsvik Kleive - vår nye leiar!
Elisabeth Slottsvik Kleive.jpg

Elisabeth Slotsvik Kleive - vår nye leiar!

 

Vår nye adm. direktør starta formelt 1. september, og har brukt tida godt for å sette seg inn i namn og nemningar. Vi er eit stort hus med 92 tilsette, 4 tverrfaglege team fordelt på 2 lokasjonar.
Elisabeth Slotsvik Kleive er 53 år, er gift, har 3 jenter og bor på Åse.
Ho er utdanna sjukepleiar, har hatt ulike leiarstillingar ved Ålesund sjukehus, sist som avdelingssjef for anestesiavdelinga med mellom anna akuttmottak, intensiv og ambulansetenesta. I tillegg til vidareutdanning i administrasjon og leiing har ho og gått Nasjonalt toppleiarprogram for helsevesenet.
Dei tre siste åra har ho vore tilsett som Sjukehussjef for det nyoppretta Aleris sjukehuset i Ålesund, der har ho vore ansvarleg for heile oppbygginga.
Referansene seier mykje positivt om ho som leiar; varm og tilgjengeleg for dei tilsette, men også tøff i situasjonar som krev det. Det er lova ein kunnskapsrik, arbeidsom og energisk direktør. Vi ynskjer Elisabeth velkommen ombord!

Celsius