Forskningsnytt; Arbeid og livsstilsendring (2014 - 2017)

Forskningsnytt; Arbeid og livsstilsendring (2014 - 2017)

 

I perioden frå 2014 til 2017 har Muritunet gjennomført ein randomisert kontrollert studie der formålet har vore å undersøke kor vidt det å tilføre ein arbeidsintervensjon i eit allereie eksisterande livsstilstilbod ved Muritunet, vil bidra til endring i arbeidsdeltaking ut over den endring livsstilstilbodet medfører. Datamaterialet er no ferdig analysert og resultata viser at dei deltakarane som fekk arbeidsintervensjon under studieforløpet hadde ein større helsemessig gevinst enn dei som ikkje hadde arbeidsintervensjon. Kunnskapsbidraget frå denne studien er at arbeidsintervensjon bør vere eit fast element i fremtidig livsstilsbehandling av sjukleg overvektige. Prosjektet har vore finansiert via FOU-midlar frå NAV.

Celsius