Kreftrehabilitering - vegen vidare
Om oss.jpg

Kreftrehabilitering - vegen vidare

 

Gjennom rehabilitering ved Muritunet vil vi hjelpe og styrke pasienten med å handtere endringar som følge av kreftsjukdom og behandling.

Rehabilitering skal gi muligheit for å kome tilbake til kvardagen så raskt som råd, og hjelp til å handtere endringar som følge av situasjonen.  Eksempelvis vaksne som gjennomgår eller har avslutta kreftbehandling og som opplever seineffektar som trøyttleik/ fatigue, angst, depresjon eller utfordringar i forhold til ernæring.

Vi har inga avgrensning på kreftdiagnose. Målet er bevisstgjering, auka kunnskap og meistring av eigen situasjon fysisk, psykisk og sosialt. Ein vil få testa kapasitet, utforske ressursar og grenser i trygge omgjevnadar. Der det er aktuelt vil Muritunet ha fokus på tilbakeføring til, eller oppretthalde arbeid/utdanning.  Ektefelle/sambuar o.a. blir også invitert til å delta i ein samtaledag her på tunet. Dersom det er aktuelt med lymfødembehandling som ledd i rehabiliteringsforløpet, skal vurdering frå onkolog/brystkirurg eller fysioterapeut følge søknaden. 

Spesialisthelsetenesta kan søke direkte til Muritunet. 

Fastlege eller avtalespesialist kan søke via:

Helse Nord-Trøndelag HF

RVE - Regional vurderingsenhet

Postboks 333

7601 Levanger

Celsius