Muritunet gjenopna drifta gradvis frå 6. mai
Lab_07_Lav.jpg

Muritunet gjenopna drifta gradvis frå 6. mai

 

25. mars vart all aktivitet ved Muritunet stoppa. Dette skjedde etter klare nasjonale og lokale føringar. Kommuneoverlegen i Fjord kommune ga Muritunet klarsignal for gradvis oppstart av klinisk drift. Dette er i tråd med råd frå Helsedirektoratet, Helse- og Omsorgsdepartementet og klarsignal frå Helse Midt-Norge. Frå onsdag 6. mai tok vi imot den første gruppa med pasientar, og håpar at drifta steg for steg vert normalisert.

"Det var ein uverkeleg og trist dag då vi måtte stenge, desto meir gledeleg er det at vi no kjem i gang att, ikkje minst av omsyn til pasientane men og sjølvsagt til dei tilsette", seier direktør Geir Ove Vegsund.

I samband med oppstarten har senteret gjort tiltak for å sikre forsvarleg og trygg drift, med vekt på å redusere risikoen for smittespreiing til eit minimum. Lupinen kafe, treningssenteret Fjordtrim og bassenget er inntil vidare tilgjengelig berre for våre pasientar.

Info f.o.m 25. mai: 

Når det gjelder besøk av pårørande, vil vi frå onsdag 27 mai stort sett følge rettleiaren(FHI) for rehabiliteringsinstitusjonar 

  • I hovudsak tilrettelegge for besøk.
  • Pårørende som har symptomer på luftveisinfeksjon, er definert som nærkontakt, eller har mistenkt eller påvist covid-19, skal som hovedregel ikkje komme på besøk. 
  • Besøkende til pasienter utan mistenkt eller påvist covid-19 følger rehabiliteringsinstitusjonens anbefalinger slik: 

  • Utføre håndhygiene når ein går inn i og før ein forlet rehabiliteringsinstitusjonen.
  • Halde minst 1 meters avstand til ansatte og pasientar
  • Ikkje opphalde seg i fellesareal
  • Om mulig, bør besøk skje utendørs eller på pasientens rom.

Permisjonar. (gjeldane frå og med 27 mai)

Det vil bli mogleg for pasientar å reise heim på permisjon under opphaldet, men vi oppmodar at denne moglegheita blir nytta minst mogleg. Pasientar som får symptom på luftvegsinfeksjonar under permisjonen, må vente med å kome tilbake til ein er symptomfri.

Celsius