Muritunet opnar gradvis drift frå 6.mai
Lab_07_Lav.jpg

Muritunet opnar gradvis drift frå 6.mai

 

25. mars vart all aktivitet ved Muritunet stoppa. Dette skjedde etter klare nasjonale og lokale føringar. No har kommuneoverlegen i Fjord kommune gitt Muritunet klarsignal for gradvis oppstart av klinisk drift. Dette er i tråd med råd frå Helsedirektoratet, Helse- og Omsorgsdepartementet og klarsignal frå Helse Midt-Norge. Frå onsdag 6. mai vil vi difor ta imot den første gruppa med pasientar, og så håpar vi at drifta steg for steg vert normalisert.

"Det var ein uverkeleg og trist dag då vi måtte stenge, desto meir gledeleg er det at vi no kjem i gang att, ikkje minst av omsyn til pasientane men og sjølvsagt til dei tilsette", seier direktør Geir Ove Vegsund.

I samband med oppstarten har senteret gjort tiltak for å sikre forsvarleg og trygg drift, med vekt på å redusere risikoen for smittespreiing til eit minimum. Lupinen kafe, Treningssenteret Fjordtrim og bassenget er inntil vidare tilgjengelig berre for våre pasientar.

Celsius