Våre Covid-19 tiltak frå 24.3.21
Lab_07_Lav.jpg

Våre Covid-19 tiltak frå 24.3.21

 

Det er innført ein rekke tiltak for å kunne halde bransjekrav og interne krav til forsvarlig gjennomføring. Muritunet jobbar kvar dag for å ha god smittevernberedskap, og so langt har vi klart å unngå smitte på senteret. Til dømes har vi god avstand mellom borda på undervisningslokala, hyppig vask av treningssenter, delte tidspunkt for måltid i matsal og utvida lokale, samt at maten blir servert av våre tilsette. Spritdispensere er tilgjengelig mange stader. Vi held avstand under fysisk aktivitet og brukar uteområdet i større grad.
Her er det vi informerer våre pasienter ved ankomst:

Pr. 24.3.21

Hygiene

  • Ingen handhelsing, klemming etc. 
  • Hald god avstand til kvarandre, minst 1 meter.
  • Handvask før og etter måltid og toalettbesøk.
  • Toalett – bruk kun det du har på rommet ditt.
  • Ved symptom på sjukdom, ikkje forlat rommet ditt. Bruk ringesnora eller ring vaktrommet 702 58 417.  Du vil enten bli sendt heim eller sett i isolasjon på rommet ditt til prøvesvar er klart(1-3 døgn). 

Matservering

  • Fyll drikkeflasker på rommet.
  • Gå til måltid i gruppa sitt tidsrom etter timeplan.
  • Bruk anvist plass i matsalen.
  • Følg merking og hald avstand.

Undervisning og aktivitet

  • Kom når timen startar, slik du slepp opphald i ventesoner.
  • Ikkje bruk felles garderobe.
  • Dusj på rommet før og etter basseng.
  • Bruk innesko og badekåpe til-frå basseng.

Andre forhold

  • Det vert ikkje tillate å reise på permisjon under opphaldet. 
  • Om du elles forlèt huset, skriv deg ut/inn ved vaktrom.
  • Unngå butikk/kafebesøk under opphaldet.
  • Bruk gjerne fritid i naturen/uteområdet.
  • Basseng, treningssenter, gymsal kan brukast, men husk å sprite treningsapparat og anna utstyr etter bruk
  • Vi kan diverre ikkje tillate besøk grunna smittefare utanfrå.

Elles gjeld 2 meters regelen, ev. bruk av munnbind når det er vanskelig å halde slik avstand. 

(Vår veileder for opphaldet under Covid-19, sist oppdatert 24.3.21. Blir elles utdelt ved ankomst)

Siste nytt om viruset finn ein på Folkehelseinstituttet sine sider her: https://www.fhi.no/nettpub/cor...

Celsius