Våre Covid-19 tiltak
Lab_07_Lav.jpg

Våre Covid-19 tiltak

 

Det er innført ein rekke tiltak for å kunne halde bransjekrav og interne krav til forsvarlig gjennomføring. Muritunet jobbar kvar dag for å ha god smittevernberedskap, og so langt har vi klart å unngå smitte på senteret. Til dømes har vi god avstand mellom borda på undervisningslokala, hyppig vask av treningssenter, delte tidspunkt for måltid i matsal og utvida lokale, samt at maten blir servert av våre tilsette. Spritdispensere er tilgjengelig mange stader. Vi held avstand under fysisk aktivitet og brukar uteområdet i større grad.
Her er det vi informerer våre pasienter ved ankomst:

Hygiene

  • Ingen handhelsing, klemming etc. 
  • Hald god avstand til kvarandre, minst 1 meter.
  • Handvask før og etter måltid og toalettbesøk.
  • Toalett – bruk kun det du har på rommet ditt.
  • Ved symptom på sjukdom, ikkje forlat rommet ditt. Ring vaktrommet 417.  Du vil enten bli sendt heim eller sett i isolasjon på rommet ditt til prøvesvar er klart (1-3 døgn). 

Matservering

  • Fyll drikkeflasker på rommet.
  • Gå til måltid i gruppa sitt tidsrom etter timeplan.
  • Bruk anvist plass i matsalen.
  • Følg merking og hald avstand.

Undervisning og aktivitet

  • Kom når timen startar, slik du slepp opphald i ventesoner.
  • Ikkje bruk felles garderobe.
  • Dusj på rommet før og etter basseng.
  • Bruk innesko og badekåpe til-frå basseng.

Andre forhold

  • Vi anbefaler på det sterkaste at du ikkje reiser på permisjon eller tek imot besøk i løpet av tida du skal vere hos oss på Muritunet. Dette er ønskelig for å unngå auka risiko for smitte til vår institusjon.
  • Ta kontakt med teamleiar om du har spørsmål om permisjon.
  • Om du elles forlèt huset, skriv deg ut/inn ved vaktrom.
  • Ved ærend til butikkar etc, hald fokus på hygiene/avstand.
  • Bruk gjerne fritid i naturen/uteområdet.
  • Basseng, treningssenter, gymsal, Aktivitetsrommet og Fritidsrommet kan brukast.  Sprit treningsapparat og anna utstyr etter bruk.
  • Vi vil også på det sterkaste fråråde besøk!  Ta kontakt med vaktrom ved ev. besøk. Alle besøkande må registrerast. 
  • Besøkande kan ikkje overnatte eller opphalde seg i fellesareal.

Siste nytt om viruset finn ein på Folkehelseinstituttet sine sider her: https://www.fhi.no/nettpub/cor...

Celsius