Videokonsultasjon, nytt behandlingstilbod.
Vk-1.jpg

Videokonsultasjon, nytt behandlingstilbod.

 

Muritunet har i fleire år nytta digitale kommunikasjonsløysingar. Videokonferanse er i bruk mellom dei ulike avdelingane våre, eller til Nav. Ei prosjektgruppe ved senteret har ei tid testa ulike metodar for å vidareutvikle slik kommunikasjon. Koronaviruset har skapt nye og store behov for samhandling, og tvingar fram alternative løysingar... Vi har fått formalitetane på plass, og er i dag glad for å kunne opne video-poliklinikk som ein del av behandlingstilbodet vårt!
Vår dagavdeling på Moa har stengt for frammøte, men driv poliklinikk ved hjelp av video- og telefonkonsultasjon. Strevar du med noko som påverkar arbeidssituasjonen din? Vi har lege, fysioterapeut, ergoterapeut, kognitiv terapeut og arbeidsrådgiver tilgjengelig for kartlegging og oppfølging også no i desse unntakstider. Be legen din om ei henvisning direkte til oss, så kontakter vi deg via telefon/video.

Celsius