Når ein er på rehabilitering deltek ein gjerne på ulike aktivitetar som til dømes fysisk aktivitet som styrketrening, spinning, vanngymnastikk, gymsalaktivtet og turar ut i nærmiljøet. I tillegg vil ein få undervisning om kosthald, sjukdomslære (inkl. eventuelt bruk av medisin), og kognitive endringsprosessar som inkluderar arbeid med endring av tankemønster. Samtalar med primærkontakt er ein del av kvardagen på rehabilitering. Innhaldet blir individuelt tilpassa den enkelte sin funksjon og helse.
Videokonsultasjon blir tilbydd når fysisk oppmøte ved Muritunet er praktisk vanskeleg. Videokonsultasjon er samtale via eit digitalt verktøy. På denne sida kan du finne informasjonen du treng for å delta i videokonsultasjonar.