Videokonsultasjon er samtale via eit digitalt verktøy og eit alternativ når fysisk oppmøte ved Muritunet er praktisk vanskeleg. Video er enkelt å bruke, og har fordelar ved at det inkludera ansikt- og blikkontakt og kroppsspråk i tillegg til tale. Under får du informasjonen du treng for å delta i videokonsultasjonar.

Korleis starte videosamtale? 

Bruk telefon, nettbrett eller PC (med kamera, mikrofon og høgtalar)
Skriv join.nhn.no i søkefeltet eller trykk på lenke i SMS frå behandlar. 

  • Skriv namn ditt og trykk ok.
  • Tillat tilgang til mikrofon og kamera.
  • Trykk på grønt videosymbol. 
  • Skriv inn møteroms-ID, 6 siffer (står i SMS frå behandlar) og trykk på videosymbol.
  • Delta utan PIN-kode, trykk «Delta her»

Du er no inne i videorommet og klar til samtale.

Krav for å kunne delta  

  • Du må ha ein mobiltelefon, nettbrett eller berbar PC med mikrofon og webkamera  
  • Du må vere tilkopla internet

Samtykke

Behandlar må ha munnleg samtykke frå deg for å kunne nytte videokonsultasjonar. Samtykke vert dokumentert, og du kan trekke dette tilbake utan at det går ut over behandlinga di. Du må oppgi mobilnummer eller e-postadressa di slik at vi kan sende innkalling til samtalen.

Kostnad

Videokonsultasjonar er sidestilte med fysisk oppmøte hos behandlar. Du mottek evt. faktura for eigenandel som ved fysisk oppmøte. 

Personvern

Ved å gå inn i videorommet godtar du å delta på videomøte med behandlar knytt til Muritunet for å utveksle opplysningar knytt til helsa di eller den eventuelle behandlingssituasjonen din. I videomøtet vil kommunikasjonen gå føre seg med lyd- og bildeoverføring via sikkert samband mellom mobiltelefon og datamaskin. Det blir ikkje tatt opptak frå møtet, og det vil ikkje vere mogeleg å sende tekstmelding. Det er frivillig å nytte seg av videomøtet. 

Rettsleg grunnlag for behandling av helseopplysingar er personopplysingslova § 1, jf. personvernforordninga art. 6 (1) bokstav b, c og f, jf. art. 9 (2) bokstav a og h. Dataansvarleg for personopplysingar er administrerande direktør ved Muritunet. Ved spørsmål kan personvernombodet kontaktast via e-post til karianne.dahl@muritunet.no. Nærare informasjon om korleis personopplysingane dine vil bli behandla, står i personvernerklæringa på Muritunet si heimeside.