Målsetting

Styrke og stabilisere arbeidsevne og meistring av eigen situasjon for stå i, eller kome heilt eller delvis i arbeid.

Tiltak

Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, arbeid og meistring. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for opphaldet og faglege vurderingar. 

Organisering 

Døgnbasert gruppetilbod organisert først med ei 1 veke kartleggingsopphald og så eit 3 vekers hovudopphald 6 til 12 veker etter kartleggingsopphaldet. Formålet med den første veka er å stadfeste om arbeidsdeltaking er målet, samt å førebu og å starte opp prosessen fram til hovudopphaldet. Eit tverrfagleg team sett saman av arbeidskonsulent, fysioterapeut, ergoterapeut, osteopat, idrettspedagog, spesialsjukepleiar, bachelor i ernæring,  ergoterapeut, legespesialist og psykologspesialist samarbeida om å følge opp pasienten under opphaldet.

Kontakt med eksterne

Kontakt med arbeidsplass kan bidra til å støtte dialogen mellom den sjukmelde og arbeidsgivar. For personar utan arbeidsforhold vil fokuset vere å understøtte prosessen retta mot arbeidsmarknaden gjennom til dømes karriererettleiing, samarbeid med NAV om eventuell arbeidsutprøving og jobbsøking. 

Omfang av kontakt vil vere ut frå pasienten og arbeidsgiver/NAV sine behov. 
Samboer/ektefelle/andre er etter ønske velkommen til å ta kontakt med teamet for ein samtale i lag med pasient.

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 150,- per døgn i 2022.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene.
Kontakt
Teamleiar 2, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon