Målsetting

Å auke mobilitet, funksjonsnivå, livskvalitet og oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak
Individuelt tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering
Døgntilbod over 2-3 veker. Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, ernæringsrådgivar, lege, sjukepleiar, idrettspedagog og ergoterapeut samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov. 

Kontakt med  eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.
Kontakt
Teamleiar 1, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon