Målsetting

Bygge meistringsstrategiar som kan bidra til betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, arbeid og meistring. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for opphaldet og faglege vurderingar.    

Organisering
Døgnbasert tilbod over 3 veker. Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, ernæringsrådgivar, lege, sjukepleiar, idrettspedagog og ergoterapeut samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov.

Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2025.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2025 er kr. 3278,- for alle tenestene.
Kontakt
Teamleiar 1, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon