Målsetting

Å bygge mestringsstrategiar for å bidra til å betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak

Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering

Døgnbasert tilbod over 3 veker. Eit tverrfagleg team sett saman av spesialfysioterapeut, ernæringsrådgivar, legespesialist, sjukepleiar, idrettspedagog og ergoterapeut samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov.

Kontakt med eksterne

Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 156,- per døgn i 2023.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2023 er kr. 3040,- for alle tenestene.
Kontakt
Teamleiar 3, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon