Å bygge meistringsstrategiar som kan bidra til å auke livskvalitet og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.
Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Døgnbasert tilbod over 3 veker til vaksne med samansette rehabiliteringsbehov og som treng tverrfaglig tilnærming.
Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, osteopat, idrettspedagog, kreftsjukepleiar, ernæringsrådgivar, arbeidskonsulent, ergoterapeut og lege samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet.
Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, kreftsjukepleier, kreftkoordinator, fysioterapeut eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. Pårørandedag er ein del av tilbodet.