Målsetting

Å bygge meistringsstrategiar som kan bidra til betre helse og livskvalitet, og oppretthalde aktivitet i kvardag og arbeidsliv.

Tiltak

Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til mesistringsstrategiar, helse, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering

Døgnbasert tilbod over 4 veker for kvinner med samansette rehabiliteringsbehov og som treng tverrfagleg tilnærming. 

Eit tverrfagleg team sett saman av spesialfysioterapeut, ernæringsrådgivar, legespesialist, psykologspesialist, spesialsjukepleiar, osteopat, idrettspedagog, arbeidskonsulent og ergoterapeut samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet.

Kontakt med eksterne

Ved behov blir kontakt etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen.

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 150,- per døgn i 2022.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene.

Kontakt
Teamleiar 2, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon