Målsetting

Å bygge mestringsstrategiar for å bidra til å betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak

Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, meistringsstrategiar, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering

Dagbasert tilbod over 7 veker med frammøte to og tre dagar annankvar veke, ca 4 timer per dag.

Eit tverrfagleg team sett saman av legespesialist, psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, psykiatrisk sjukepleiar, idrettspedagog, ernæringsfysiolog og arbeidskonsulent samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet.

Kontakt med eksterne

Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 150,- per døgn i 2022.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene.

Kontakt
Teamleiar 4, Moa
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon