Mål for oppholdet

Auka livskvalitet gjennom meistring og deltaking i eigen kvardag.

Tiltak

Variert fysisk aktivitet og avspenning individuelt og i gruppe. Undervisning med tema relatert til helse, arbeid og livsmeistring. Individuell rettleiing og oppfølging. 

Organisering

Tilbodet er døgnbasert og varer i 3 veker.

Det blir gitt både i gruppe og individuelt, med oppfølging til vaksne med samansette rehabiliteringsbehov som treng tverrfagleg tilnærming.

Eit tverrfagleg team sett saman av fysioterapeut, osteopat, idrettspedagog, sjukepleiar, ernæringsrådgivar, arbeidskonsulent, ergoterapeut og lege samarbeida om å følge opp pasienten under opphaldet. 

Kontakt med eksterne

Sambuar/ektefelle/andre er velkommen til å kontakte teamet for ein samtale i lag med pasient. 

Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 163,- per døgn i 2024.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2024 er kr. 3165,- for alle tenestene.
Kontakt
Teamleiar 3
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon