Målsetting

Kartlegge pasienten si helse, tidligere undersøkingar og behandling. Utforske ressursar og andre faktorar som påverkar pasienten sin helse og arbeidsevne. Kartleggingsopphaldet skal resultere i ei vurdering om vidare oppfølging i primær- eller spesialisthelsetenesta, enten som dag- eller døgnrehabilitering eller i poliklinisk oppfølging.

Tiltak

Gruppebasert tilbod med fokus på kartleggingssamtale utført av lege, fysioterapeut og primærkontakt. Kartlegging av andre faggrupper ved behov.

Variert fysisk aktivitet individuelt og i gruppe, samt ein undervisningstime med oppgåver.

Organisering

Døgnbasert tilbod over 1 veke for vaksne med samansette rehabiliteringsbehov og som treng tverrfagleg tilnærming.

Eit tverrfagleg team sett saman av spesialfysioterapeut, osteopat, idrettspedagog, spesialsjukepleiar, bachelor i ernæring, arbeidskonsulent, ergoterapeut, legespesialist og psykologspesialist samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet. 

Kontakt med eksterne

Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 150,- per døgn i 2022.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene.

Kontakt
Teamleiar 3
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon