Å bygge positive meistringsstrategiar som kan bidra til livsstilsendring, bremse vektoppgang, betre helse og livskvalitet.
Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse og meistringstru. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Døgnbasert tilbod over 5 veker fordelt på 12 månader (2+2+1 veke) i vinterferie og starten av august. Ungdom og føresette vert følgt opp av eit tverrfagleg team både under og mellom opphalda på Muritunet.
Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, ernæringsrådgivar, fysioterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar og lege samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet.
Born og føresette blir tilbydd separate rom.
Kontakt med eksterne
Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, barnepoliklinikk, helsesjukepleiar, skule, BUP, fysioterapeut, pårørande eller andre som er viktige i ungdomen sin livsstilsprosess.