Målsetting

Å bygge positive meistringsstrategiar som bidreg til å slutte med overspising , varig livsstilsendring, betre helse og livskvalitet.

Tiltak 

Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til meistringsstrategiar, overspising, helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering 

Døgnbasert tilbod som går over 6 veker fordelt på 12 -16 månader. Organisert med vurderingsopphald på 1 veke, hovudopphald på 3 veker og eit oppfølgingsopphald på 2 veker. 6 månadar etter oppfølgingsopphaldet vert tilbodet avslutta med poliklinisk dag. Primærkontakt og psykolog på Muritunet følger opp med samtale i heimeperioden.

Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, ernæringsrådgivar, spesialfysioterapeut, idrettspedagog, spesialsjukepleiar, legespesialist og psykologspesialist samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov.

Kontakt med eksterne 

Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, psykisk helseteam, fysioterapeut, pårørande eller andre som er viktige i livsstilsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 150,- per døgn i 2022.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene.

Kontakt
Teamleiar 1, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon