Målsetting

Å starte opp med livsstilsendring og å kartlegge kva tilbod som er vidare hensiktsmessig.

Tiltak  

Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til meistringsstrategiar, motivasjon, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering  

Døgnbasert kartleggingsopphald over 1 veke. Eit tverrfagleg team sett saman av klinisk ernæringsfysiolog, ernæringsrådgivar, spesialfysioterapeut, idrettspedagog, spesialsjukepleiar, legespesialist og psykologspesialist samarbeidar om å følge opp pasienten under opphaldet. 

Kartleggingsopphaldet kan resultere til eit vidare forløp på eit livsstilstilbod (dag eller døgn) eller til ei gruppe for personar med spiseforstyrrelse- overspising ved Muritunet. Kommunale tilbod eller andre tiltak kan også vere eit alternativ. 

Kontakt med eksterne  

Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, psykisk helseteam, fysioterapeut, pårørande eller andre som er viktige i livsstilsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 150,- per døgn i 2022.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene.

Kontakt
Teamleiar 1, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon