Mål for oppholdet

Å bygge meistringsstrategiar som kan bidra til betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Tiltak

Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, kosthald, aktivitet og deltaking i kvardagen. Individuelle tilpassingar vert gitt ut frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar. 

Organisering

Dagbasert tilbod over 7 til 11 veker. Eit tverrfagleg team sett saman av spesialfysioterapeut, ernæringsfysiolog, legespesialist, sjukepleiar, idrettspedagog og ergoterapeut samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov.

Kontakt med eksterne

Ved behov blir kontakt etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen.

Eigenandel Eigenandel
  • Eigenandel for poliklinisk konsultasjon er kr 375,-. 
  • Du betaler maks. 2 eigenandelar i eit poliklinisk forløp. 
  • Eigenandelstak i 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene.
Kontakt
Teamleiar 4, Moa
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon