Målsetting

Å bygge meistringsstrategiar som kan bidra til betre helse og livskvalitet, og å oppretthalde aktivitet i kvardagen og i arbeidslivet.

Presisering av målgruppa

1) Primær lymfødem er omfatta av eit kompleks sjukdomsbilete og med behov for rehabilitering.

2) Sekundær lymfødem kan førekome etter sjukdom, tilstand eller kirurgisk inngrep på lymfeknutar eller lymfeårar. Årsaker til sekundær lymfeødem kan vere etter kreftbehandling, særleg brystkreft og livmorhalskreft, kirurgiske inngrep i lyske eller armhole, betennelse i lymfeknutar og visse tropiske sjukdomar (Filariasis).

Tiltak

Manuell lymfedrenasje, kompresjonsbehandling (bandasjering/strømpetilpassing), samt øvingar.

Organisering

Døgnbasert tilbod over 2 veker. 

Eit tverrfagleg team sett saman av spesialfysioterapeut, lege, ergoterapeut, spesialsjukepleiar, idrettspedagog og ernæringsrådgivar samarbeider om å følge opp pasienten under opphaldet. Oppfølging av arbeidskonsulent ved behov.

Kontakt med eksterne

Kontakt blir ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, pårørande eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen. 

Eigenandel Eigenandel
  • Personar innsøkt via avtale med Helse Midt-Norge RHF har ein eigenandel på kr 150,- per døgn i 2022.   
  • Ved vedtak om godkjent yrkesskade betaler du ikkje eigenandel. Ta med kopi av vedtaket frå NAV. 
  • Eigenandelstaket for 2022 er kr. 2921,- for alle tenestene. 
Kontakt
Teamleiar 2, Valldal
linkicon
Kalender
linkicon
Pårørandeinformasjon
linkicon
Søknad
linkicon