2. Lim inn rett etter den innledende taggen: 2. Lim inn rett etter den innledende taggen: Muritunet | Krevende sykefravær? – Få eksperthjelp til…

Ekspertbistand

FD259722 F9 E443 A581 F58 DC7 C03 D9 D7 D

Hjelp til utfordringar knytt til sjukefråvær eller arbeidsmiljø

Ekspertbistand kan vere aktuelt ved utfordringar knytt til hyppige eller langvarig sjukefråvær som ein ikkje har lukkast med å løyse gjennom ordinær oppfølging eller tilrettelegging. Muritunet har spisskompetanse på sjukefråværsoppfølging og kan hjelpe arbeidsgjevar og tilsette gjennom å kartlegge og avklare utfordringane, og deretter foreslå tiltak som gjer den tilsette betre i stand til å meistre og stå stabilt i arbeidet sitt.

Våre jobbekspertar har brei og tverrfagleg kompetanse

I vårt tverrfaglege team har vi jobbkonsulentar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, psykologar, sjukepleiarar, ernæringsfysiolog og lege. I eit ekspertoppdrag brukar vi den fagkompetansen som er relevant for å kartlegge kvar einskild person og/eller situasjon best mogeleg.

Slik søker du om ekspertbistand

  • Det er arbeidsgivar som søkjer om tilskotet. 
  • Arbeidsgivar betaler for eksperthjelpa og får refundert utgiftene frå NAV. 
  • Tilskotet frå NAV dekkjer utgifter opp til ein maksimal sats
  • Arbeidsgivar må kontakte NAV Arbeidslivssenter (tlf. 55 55 33 36) for å få stadfesta at tiltaket er aktuelt
     

    Les meir om Ekspertbistand https://www.nav.no/ekspertbistand og søk tilskot via Altinn - Søknad om tilskudd til ekspertbistand