Styrke og stabilisere arbeidsevne og meistring av eigen situasjon for stå i, eller kome heilt eller delvis i arbeid.
Tiltak
Gruppebasert tilbod med variert fysisk aktivitet og undervisning. Sentrale undervisningstema er relatert til helse, arbeid og meistring. Innhaldet i timeplanen er individuelt tilpassa ut i frå mål for rehabiliteringa og faglege vurderingar.
Organisering
Dagtilbod over 8 veker med inntak kvar 8. veke. Oppmøte vekselsvis to dagar ei veke og tre dagar i påfølgande veke, ca. 5 timar per gong. Eit tverrfagleg team sett saman av arbeidskonsulent, fysioterapeut, ergoterapeut, idrettspedagog, sjukepleiar, ernæringsfysiolog, lege og psykolog samarbeida om å følge opp pasienten under opphaldet.
Før oppstart blir det gjennomført ein videosamtale med formål å stadfeste målsetting om arbeidsdeltaking. For å få meir ut av rehabiliteringsopphaldet, startar vi prosessen alt då.
Poliklinisk oppfølging
Poliklinisk tilbod blir individuelt tilpassa ut frå behov og målsetting vedrørande talet dagar pr. månad, tidspunkt og innhald i timeplanen. Tiltaket har eit mindre omfang enn ved dagbasert grupperehabilitering.
Kontakt med eksterne
Kontakt vert ved behov etablert med eksterne samarbeidspartar som fastlege, NAV, arbeidsgivar eller andre som er viktige i rehabiliteringsprosessen.